Foslis metode

TuastadDet må skiljast mellom islam-kritikk og avskymarkering. Islam-kritikk driv sanne norske intellektuelle med som til dømes Lars Gule og Gunnar Skirbekk.

Av Svein Tuastad, statsviter

Islam-kritikk er ein naturleg del av norsk offentligheit. Islam-kritikk er kunnskapsbasert og spesifikk, men er for lite oppsiktsiktsvekkjande til å verte sentral i offentligheita. På den andre sida har vi avskymarkeringar som dei politisk brunblåe held på med. Det er noe ganske anna. Det dreier seg ikkje om å søkje forståing og konstruktiv debatt, men om å sverte alt som har med islam å gjere.

Markerer avsky
I VG 6/12 framsteller Halvor Fosli seg som «islam-kritikar», men i røynda er han ein typisk representant for dei som primært markerer avsky. For å forstå innhaldet i dagens anti-muslimske kampanje er det betre å studere kvardags-Fosli enn den polerte versjonen i VG. Fosli, som i VG refererer frå sine facebookeventyr, skreiv nylig følgjande om dei moderate på ein journalists diskusjonstråd (28 / 11): «I en gitt situasjon, vil de slutte seg til de radikale, ikke til de sekulære; de vil ikke ta sjansen på å bli kalt svikere, kjettere, frafalne. Derfor kan man jo også mene at de er farligere, politisk sett; de virker fornuftige og de drar med seg mainstream-muslimen.» Vidare skreiv han: «Av dagens norske politikere med muslimsk bakgrunn stoler jeg i farten egentlig bare på to – at de er hardcore sekulære (ikke ateister av den grunn, men at de vil heller dø enn å blande moské og stat): den iranskfødte Mazyar Keshvari i Oslo Frp og Rogalands store norskpakistanske talent, Aps Hadia Tajik.»
Når ulven tar av seg fåreklærne er det oss mot dei. Ta berre det Fosli i forbifarten kallar «en gitt situasjon»; i den gitte situasjonen må muslimar velje mellom islam og norsk demokrati. Men kvifor skal dei det? Det er jo ein absurd og stigmatiserande konstruksjon. Det verkar som om han utelukkande er konstruert for å kunne påstå at dei fleste aktive muslimar er potensielle fiendar. Difor nøyer han seg med ein original vri samanlikna med andre i listeførargeskjeften: Han skriv likegodt ned dei to «gode». Så er resten å rekne som lunkne.
Halvor Fosli har misforstått. Grunnen til at ikkje norske statskristne, ateistar, akademikarar, sosialdemokratar og venstreliberale bruker meir energi på å kritisere islam, er todelt. For det første manglar imamar og muslimske trussamfunn i Noreg makt utanfor eigne sirklar, dei er alt ramma av alskens fordommar og dei er om lag på botnen av landets uoffisielle populærkulturelle statushierarki. For det andre er det relevante den politiske funksjonen heller enn interne trusspørsmål. Sjølve ideen om å skulle endre trussystemet til norske muslimar ved å komme med kontinuerlege avskyerklæringar, må vere vitnesbyrd om total ignoranse for korleis kulturell endring skjer.

Unngå gruppetenking
Gode borgarar i dette landet bør diskutere korleis det fleirkulturelle samfunnet vårt skal bli betre. Måten å gjere det på, er ved å unngå gruppetenking, ekstreme generaliseringar, svart-kvit tenking og oss mot dei-inndelingar. Det rakt motsette av Foslis metode, altså.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00