Ulikskapens apostlar

Høgre skal no vere eit velferdsparti, men dei fornektar det viktigaste grunnlaget for at velferdsstaten er ein suksess, skriv Bård Vegar Solhjell. Tegning: Roar Hagen.

Høgre skal no vere eit velferdsparti, men dei fornektar det viktigaste grunnlaget for at velferdsstaten er ein suksess, skriv Bård Vegar Solhjell. Tegning: Roar Hagen.

* Erna Solberg fornektar likeskapsforskinga som viser at økonomisk likskap gjer eit betre samfunn.
* Den toneangivande boka «The Spirit Level» forvirrar høgreideologane.

Bård Vegar Solhjell, parlamentarisk leder i SV

Er likskap – små økonomiske forskjellar – bra? Det er eit viktig spørsmål i den ideologiske debatten mellom venstre- og høgresida. Men det er også eit spørsmål vi har stor kunnskap om.
Vi veit at økonomisk ulikskap påverkar folkehelse, fattigdom og tilliten i eit samfunn i negativ retning.
Dersom dette er viktige mål for oss, bør forskjellane vere små. Vi veit også at det er ein særleg tett samanheng mellom økonomisk likskap og velferdsstaten. Dersom vi vil utvikle velferdsstaten, bør forskjellane vere små.

Bortforklaringar
Førebels har høgresida møtt denne forskinga med avvisning og merkelege bortforklaringar. Søndag 21.11 heldt Erna Solberg ein tale der ho tok til orde for at Høgre no var for eit samfunn med små skilnader. Tidligare same veke la ho fram eit alternativt budsjett der dei som tjener over tre millionar i året får 60.000 i skattelette. Då eg utfordra ho på korleis skattelette til rikfolk skal bidra til mindre forskjellar svarte ho at eg ser meg «blind på øyeblikksbilder av inntektsforskjeller og definerer alle forskjeller ut fra det». For Høgres leiar er altså ikkje inntektsskilnader relevant når ein skal diskutera skilnadene i det norske samfunnet.
Erna Solberg får støtte av dei fremste ideologane på norsk høgreside som meiner at inntektsskilnader ikkje er noko problem. I Klassekampen 6. desember sa Torbjørn Røe Isaksen at det avgjerande målet på likskap i Norge er at «sjefen sitter på samme lunsjbord som de ansatte, ikke om han tjener en halv gang eller o,8 ganger så mye som sine arbeidstakere».
Difor kan sjefen trygt dobla lønna si og senda ungane på privatskule utan det øydelegg Høgres nye likskapsidyll. Den samme Isaksen stilte i Dagens Næringsliv 14.7 spørsmålet «er økende forskjeller i det hele tatt er et problem?» og konkluderte med at det neppe er tilfelle. I Aftenposten 7.8 argumenterer Kristin Clemet under overskrifta «Alle kan bli rikere samtidig» for det same. Ho innrømmer ryddig nok at skilnadane aukar innan land, men seier at «om det er et problem avhenger av hvordan de rike er blitt rike».

Boka som forvirrar
Kva veit vi om høgresidas påstandar? I Civita og andre konservative tenketankar riv dei seg i håret over boka «The Spirit Level» av Richard Wilkinson og Kate Pickett. I boka ser forfattarane på samanhengen mellom inntektsskilnadar og ei rekke ulike variablar for 23 OECD-land. Dei viser korleis land med stor grad av økonomisk likskap har betre folkehelse og færre sosiale problem enn andre land. Det same mønsteret gjeld mellom amerikanske delstatar.
I motsetning til Civitas politisk farga rapportar er boka basert på 30 år med fagfellevurdert forsking, og understøtta av ei mengde internasjonal og norsk forsking som med ulike metodar kjem til liknande resultat.
Høgre synest ikkje økonomisk likskap er viktig, men vil bli eit velferdsparti. Det haltar, for små forskjellar og ein god velferdsstat heng tett saman. Økonomane Kalle Moene og Erling Barth har i ein artikkel vist korleis desse to sidene ved eit samfunn forsterkar kvarandre, ein effekt dei har gitt det klingande namnet likskapsmultiplikatoren.
Økonomisk likskap hos veljarane styrkar viljen til å støtte ein sterk velferdsstat, fordi kjensla av felles interesser er sterkare. Motsett fører gode velferds- og trygdeordningar til mindre løneskilnadar ved å styrke lågløna sin forhandlingsposisjon og presse saman lønningane.
Eit anna angrepspunkt for høgreideologane er at økonomisk likskap ikkje er grunnlaget for den nordiske modellen sin suksess. I eit innlegg i Ukeavisen Ledelse 28.5 argumenterer Kristin Clemet for at det ikkje treng vere ein samanheng mellom små økonomiske forskjellar og tillit. Det er heilt i strid med den oppdaterte forskinga på kva som skapar tillit i eit samfunn, også kjend som sosial kapital. Den viser at vi stolar meir på kvarandre i samfunn med stor grad av økonomisk likskap, og vi stoler meir på myndigheitene. Det er ganske logisk: Dersom vi går på dei same skulane, har dei same legane, bur i dei same strøka – og dersom vi lever i same mentale verd – føler vi oss litt tryggare på folk vi ikkje kjenner.

Er ulikskap greitt?
Høgre skal no vere eit velferdsparti, men dei fornektar det viktigaste grunnlaget for at velferdsstaten er ein suksess. Det er uttrykk for ideologisk forvirring, har eg sagt nokre gonger. Det trur eg ikkje lenger. Eg trur personar som Erna Solberg, Kristin Clemet og Torbjørn Røe Isaksen bevisst vel å sjå bort frå ulikskapsforskinga sidan den ikkje passar inn i Høgres ideologi.
Eg har respekt for at høgresida er usamd med meg i synet på likskap. Men eg har ikkje respekt for intellektuelt pinlege påstandar. Eg har difor eit enkelt spørsmål: Forklar kvifor det er greitt med større økonomiske skilnadar i Noreg?

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

1 kommentar

  1. [...] går hadde Bård Vegar Solhjell, parlamentarisk leder i SV, et glimrende innlegg med tittelen “Ulikskapens apostlar” i [...]

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

Beklager, men kommentarskjemaet er nå lukket.

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00