Drukna i turisme

* Sogn og Fjordane er så opptatt av å tilpasse seg National Geographics krav til reisemål at dei gløymer at det skal bu folk der.
* Det lokale gangsynet har fordufta i jakta på tyskarar og internasjonal reisemålsprestisje.

Anne Viken, frilanser frå Sogn og Fjordande
Viken

Det har nett vore ein stor reiselivskonferanse i Sogn og Fjordane. Her diskuterte ein blant anna kommuneslagord og turistsatsingar. Turistidyllen fløymer utover. Fylket skal bli reiselivsgigantar, kommunane skal ha slagord. Dei skal selge seg inn hos tyske turistar, gå tilbake til steinalderen, dyrke merkevara som eit av verdas finaste reisemål. Kven veit. Oppi alt har ein gløymt at det også skal bu folk her. Ein satsar på turistar framfor tilflyttarar, og turisme framfor utbygging av tilbod til dei som skal bu her og halde samfunnet i live.

Elendig nett
Eg er frilanser som forsøker å arbeide i dette turistsatsande fylket Sogn og Fjordane. Men nettet er så elendig at eg knapt greier laste opp Dagbladet si nettside. Store deler av tida får eg ikkje lese epost, ikkje laste opp dokument og rapportar, ikkje sjekke mediearkivet. Eg er avsperra frå heile den virtuelle verda. Ei verd som eg som skrivande frilansar er avhengig av.

Og eg er ikkje den einaste frilansaren som sit her og slit. Vi er fleire, men dei får snakke for seg. Her skal eg uansett fortelle litt om mine erfaringar. Gløym bygdeidyllen, gløym falske slagord om framtidsretta bygdesamfunn, turisme og merkevarebygging. Her kjem den grelle sanninga om Gaular kommune i det tjuende århundre. Kanskje forklarer det litt av kvifor folketalet synk.

I 2008 gjorde eg eit tappert forsøk på å sitte her og arbeide som journalist. Dette var ikkje lett. Vi hadde nemlig ikkje internettilgang i huset fordi huset låg litt oppi ein bakke. Problemet var og blei uløyselig.
Første forsøk på internettilgang var å snylte på naboen sitt nettverk. For å få til dette måtte eg sitte ute. Dette var på våren. Eg sat ute på verandaen iført termodress, ullteppe og lue medan vestlandsregnet hagla ned og skreiv artiklar. Det var ti centimeters klaring mellom min 15 000-kroners pc og regnet. I denne sittestillingen, så lenge eg ikkje bevega meg for mykje, klarte eg å få inn naboens usikra nettverk. Ofte fall det ut, og tidvis hadde naboen slått det av, men etterkvart dukka det opp ei ny og revolusjonerande løysing. I ein ny fjøs like i nærleiken var det nettilgang og kontor.

Fortsatt iført termodress, med ovnen på full guffe, kaffetraktaren full av fluger og kyr som brølte så høgt at dei overdøva kjelder i telefonen, sat eg benka framfor ein gamal pc og jobba i fjøsen. Gjennom eit vindauge såg eg rett inn på kyrne. Eg kunne ikkje kople opp min eigen pc.

Nettet var ikkje godt nok for store vedlegg og fotografi, og mobilen hadde inga dekning. Eg var, som journalist, fullstendig vingeklippa på alle frontar. Etterkvart måtte eg pakke sekken og dra tilbake til Oslo.

Purring og masing
Etterkvart, etter purring og masing og diverse oppslag i lokalavisa Firda, orka Telenor å sjekke systemet sitt. Det viste seg at her var utbygd linje for internett. Men Telenor var ikkje klar over det. Eller, rettare sagt, dei var så dårlege i geografi, og hadde ikkje orka sjekke, så dei hadde trudd at vi budde ein heilt annan stad på kartet enn kva som faktisk var tilfelle. Den staden var ikkje utbygd. Og det i ein kommune med Senterpartiordførar. Sp lova som kjent breiband til alle innan 2007.

Det tok to år frå eg sat i fjøsen til ein makta tilby internett til huset vårt. I mellomtida har Bygstad i Gaular vore ueigna som arbeidsstad. Det er det i stor grad fortsatt. Eg har fått nett, men nettet her er dårlig og ustabilt. Ein må altså leige seg eit kontor og pendle til Førde eller Dale dersom ein ønsker å bu her som frilansar.

Til sjuande og sist blir det vel kroken på døra og bussen til Oslo. Eventuelt får eg pusse opp ein gamal låve og begynne å spikke ut trefigurar av fjordhestar. Kanskje rehabilitere ein gamal fjøs og begynne med dinosauroppdrett slik at det fell innanfor National Geographic sitt bilete av korleis Sogn og Fjordane skal vere: urørt idyll og steinalderturisme. Då hadde ein kome rasande og tømt pengar inn på kontoen min med gaffeltruck. Eit kvart tiltak som kan skaffe promotering og skjule elendigheita er ein gåvepakke til bygda. Fylket er fullstendig blenda av reiselivssatsingar. Dei gløymer å tenke sjølv.

Feil fokus
I Sogn og Fjordane har turistfokuset gått for langt. Folketalet rasar, men turistfikseringa har tatt fokus bort frå at vi faktisk skal bu folk her. Ein tenker meir på å tilpasse seg National Geographics krav til reisemål enn på å vere ein stad der folk skal bu. Gangsynet har fordufta i jakta på tyskarar og internasjonal reisemålsprestisje.

(PS! Det tok to timar frå denne kronikken var ferdigskriven til eg greide å sende den til VG på epost.)

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

7 kommentarer

  1. Du har heilt rett i at det er dårlig nett mange plassar i Gaular/Bygstad. Men eg syns det er viktig å få fram at det går an å få bra nett. Du må berre bu nært nok sentralen. På kontoret til firmaet mitt så er linja for dårlig til at eg kan gjere mitt daglege arbeid uten å rive meg i håret i frustrasjon. Men i huset eg bur i (ca. 3-4 km nærmare senrtralen) får eg meir enn bra nok nett.

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

    Lars Eirik Aase - februar 12, 2011 at 11:16 am
  2. [...] This post was mentioned on Twitter by Anne Viken, Anne Viken. Anne Viken said: KRONIKK dagens VG http://bit.ly/fAM6IJ BLOGG: Vågar DU flytte til Sogn og Fjordane? http://bit.ly/gz3h7m Advarse: DRUKNA I TURISME! [...]

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

  3. Usaklig kobling mellom fylkets reiselivssatsing og Anne Vikens problemer med nettoppkobling!

    For det første, hvis du hadde vært på reiselivskonferansen i Florø 2. – 3. februar hadde du ikke funnet noen diskusjon om kommuneslagord der. Hovedtema på konferansen var lønnsomhet i reiselivsnæringene. Det som ble diskutert var hvordan vi skal greie å øke verdiskapingen i næringen, som sysselsetter mange personer i fylket.

    Hvis Anne sliter med å jobbe hjemmefra pga. dårlig nettilgang er det synd, men hva i all verden har det med fylkets reiselivssatsing å gjøre?

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

    Åsne Folstad - februar 14, 2011 at 8:42 am
  4. Sogn og Fjordane er eit distriktsfylke med mange utfordringar. Heldigvis er her også mange som ser mulegheitene og gledene ved å bu og arbeide her. Når det gjeld nett -tilgang kan eg tipse om at IT-forum i Sogn og Fjordane har arbeid med ei breibandsatsing, som byrjar å vise resultat. – sjekk nettsida http://www.it-forum.no om du er interessert i kva som skjer av felles satsingar.

    Om du vel å sjå på mulegheitene i fjordafylket kan du kanskje og ha glede av sjå kva som skjer og korleis dei gjer det td i Vågsøy – les bloggen til Alfred Bjørlo.

    http://framtidsfylket.no/om-framtidsfylket/blogg/alfred-bjorlo/ein-dag-i-maloy-vekst/

    Dette var berre smakebitar! Ver gjerne kritisk, men skal vi vidare må vi og vere konstruktive og sjå kva som er bra og bygge vidare på det!

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

    Siw Heggedal Longvastøl - februar 14, 2011 at 12:15 pm
  5. Jeg synes du har forfriskende meninger som får folk til å tenke og engasjere seg. Noen blir tydeligvis fornærmet (se over) mens andre kanskje plukker opp ballen, spiller litt med den og sender den videre. Da er det igang, og det er vel det du ønsker? Det samme har nå skjedd på Facebook med en gruppe som heter “Vestlandsopprøret,” der fokus settes på hvor verdiskapningen skjer og hvor pengene tar veien. Jeg har flere ganger, på FB, kritisert regjering og Storting fordi de sier at de vil ha folk boende i hele landet, mens handlingene deres sier det motsatte. Det er da vi trenger slike som deg, som både tør å si ifra og også gjør det. Fortsett med det du, Anne. Vi trenger slike som deg. Lykke til videre.

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

    Bente Bjørvig - februar 15, 2011 at 6:36 pm
  6. Eg har drive mitt eige konsulentfirma Interplan dei siste 8 åra ikkje i – men frå Balestrand – ei lita bygd i Sogn og Fjordane. Utan internett hadde det ikkje vore mogeleg. Eg slit ofte med å forklare folk frå Oslo og andre stader at det er meir praktisk med eit SKYPE-møte der vi kan jobbe med dei same dokumenta på skjermen istaden for at eg skal reise til Oslo for eit møte på to timar.

    Det er synd at Anne Viken har treigt internett. Men det må vel vere ei sak mellom Telenor og Anne Viken som kunde? Eg ringer mitt internettselskap Enivest når det er problem og får god service. Telenor må visst skjerpe seg! Er ikkje det eit Oslo-basert selskap forresten?

    At Anne Viken druknar i turisme har eg derimot meir problem med å forstå. Vi som bur i fylket og tek imot gjester kunne godt tenkje oss enda fleire. Difor prøver vi å samarbeide for å få det til – nettopp fordi vi som du skriv – er kåra til eit av verdas beste reisemål.

    Folk som kjem frå andre land for å besøke oss har truleg funne reisemålet sitt på nettet, dei legg att vurderingane sine på Trip Advisor og andre sosiale media. Dumt å forveksle dei med flokkdyr som kjem hit for å beite på steinalderturismen.

    Eg skulle ynskje at Anne Viken ikkje oppførte seg som Lille My og eksploderte kvar gong noko gjekk ho imot. Men det er sjølvsagt det ho lever av – og at vi andre gidder å bry oss!

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

    Eli-Grete Høyvik - februar 15, 2011 at 8:14 pm
  7. Det er på det reine at det er utfordirngar med nettet i sfj.

    Men dette er ei avsporing, som så ofte før frå denne skribenten…

    Tips oss hvis denne kommentaren er upassende

    as - februar 15, 2011 at 8:32 pm

Beklager, men kommentarskjemaet er nå lukket.

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00