Rosedemokratiets håp

* Det beste svaret på terroren er å styrkje Noreg som fleirkulturelt samfunn.
* Situasjonen må ikkje utnyttast til å stemple folk med kritiske meiningar.
* Men kan vi håpe på ei viss sjølvransaking frå somme innafor Framstegspartiet?

Svein Tuastad, førsteamanuensis i statsvitskap, UiSTuastad

Medan dei grusame hendingane enno er skrekkbilete i ytterkanten av fatteevna, startar ordskiftet om Noreg etter 22. juli. Føremålet med terroren var å svekkje Noreg som fleirkulturelt samfunn. Eg meiner det beste svaret er å styrkje det.

Farleg ubalanse
Kva skaper eit betre samfunn? Det spørsmålet samla ungdommane på Utøya. Eitt av svara deira er betre inkludering. Ein farleg ubalanse i Noreg i dag er ubalansen mellom mange nordmenns haldningar til muslimar på den eine sida og den fleirkulturelle realiteten på den andre.
I dei første timane etter bombeeksplosjonen i Oslo, då mange instinktivt gjekk ut frå det dreidde seg om islamistisk terror, kom på kort tid ein straum av meldingar om grov trakassering. «Nå ligger dere jævla tynt an. Jeg hater dere jævla negre», sa ein. Så synte det seg at terroristen kom frå majoritetskulturen. Dermed oppstår ein «game changer» som ein skribent kalla det. Spelereglane endra seg; det politiske klimaet blir eit anna enn det ville vore.
Situasjonen no må ikkje utnyttast til å stemple folk med meiningar som kan ha visse likskapar med meiningar terroristen har hatt. Det avgjerande skiljet går mellom dei som vil bruke vald, og dei som opptrer innanfor demokratiets rammer.
To debattar tvinger seg fram. Den første er om indirekte medansvar for valdsbruk. Den gjeld sambandet gjeld mellom dei høgreekstreme, kjenneteikna av konspiratorisk hatretorikk og aksept for vald, og dei høgreradikale som kan ha liknande meiningar, men som følgjer demokratiets spelereglar. Eit døme på eit høgreekstremt miljø er Norwegian Defense League medan mange av debattantane på nettstaden document.no er høgreradikale.
Når påstandar om «borgarkrig» og politikarar som «forrædarar» eller «fiender som har overtatt» er meint som bokstavlege påstandar, er det uakseptabelt og farleg.
Då ligg valdsoppmodinga implisitt i bodskapen, slik bloggaren Bjørn Stærk har peika på i eit innsiktsfullt notat (tilgjengeleg på blog.bearstrong.net). Ikkje berre i høgreradikale miljø, men også i radikale islamistiske miljø og somme venstresidemiljø vil slike påstandar vere utillatelege.
Etter 22.07. bør vi forvente at fleire tar ansvar for å å arrestere påstandar om borgarkrig, svik og konspirasjonar meint bokstavleg.
Det er likevel viktig å understreke to ting. For det første kan i prinsippet sterk språkbruk, inklusiv krigsmetaforar, vere legitimt i debattar generelt. Tydelege motsetningar styrkjer det politiske ordskiftet så lenge motsetningane ikkje er ekstreme.
For det andre vil eg streke under at eg ikkje meiner høgreradikale generelt kan seiast å ha medansvar for det som skjedde. Ein teori går jamvel ut på at eksistensen av høgreradikale grupper kan førebyggje rekruttering til høgreekstreme miljø om deltakarane korrigerer dei ytterleggåande.

Tonen i debatten
Den andre debatten gjeld det generelle hatklimaet sett i lys av spørsmålet om eit betre samfunn. Om dette bør dei hundretusen islamkritiske meiningsberarane, som representerer forventa meiningar i eit breitt demokratisk ordskifte, tenke over si rolle. Kritikk mot somme muslimske miljø og praksisar er naturlegvis legitim. Det problematiske er dei som ofte ser ut til å spele på gruppemotsetnader. Tenk om det i framtida skulle skje islamistisk terror på norsk jord. Då er risikoen stor for at mange nordmenn ville trakassere uskuldige menneske slik som dei første timane på ettermiddagen den forferdelege fredagen i juli. Vi får eit betre samfunn om den risikoen vert mindre.

Ny røyndom
Det handlar ikkje om å slutte med den frie og kritiske debatten om innvandring. Det handlar om tonen, om å ikkje greie alle over same kammen og om å la vere å rakke ned på grupper av menneske når isolerte ugjerningar skjer. Er det urimeleg å håpe på ei viss sjølvransaking på nettopp dette eine punktet til dømes frå somme innafor Framstegspartiet og frå somme innvadringsskeptiske debattantar? Få ting ville bidratt betre til den gode utgåva av nasjonalismen – rosedemokratiet – som inkluderer alle i eit borgarfellesskap uavhengig av religiøs, etnisk eller kulturell bakgrunn.
Det inkluderande samfunnet er rosedemokratiets håp.

Under fakkeltoget i Kristiansand måndag tala Trond H. Blattmann. Sonen hans er mellom dei sakna. Blattmann sa:
«.. det de på Utøya mente: Det var et varmere, et mer inkluderende og et mer flerkulturelt fellesskap. Det påminner de oss å huske på i dag, på denne dagen, for det er å hedre deres minne, og hedre de som har gått bort. Det å stå videre i den kampen for et åpnere, varmere og mer inkluderende Norge. Det må vi gjøre!»
La oss gjere orda hans til røyndom.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00